Årsmøtereferat 2016:
PROTOKOLL
Frå
årsmøte i Stryn Rotaryklubb
Stad: Triangelen
Tid: 14.november 2016 kl 18.00
Årsmøtet
i Stryn Rotaryklubb blei halde 14. november 2016 i klubben sitt møtelokale i
Triangelen. Møtet blei opna av klubben sin president, Jan Vollset.
Det
var frammøtt 19 medlemar. Årsmøtet var dermed vedtaksfør.
Sak 1 Godkjenne innkalling og sakliste: Godkjent
Sak 2 Val av ordstyrar: Presidenten
Sak 3 Val av protokollførar og 2 til å skrive under
protokollen:
Til protokollførar blei vald: Inge Fænn
Til å skrive under
protokollen blei desse valde: Inge Arne Bøe og Inge Fænn
Sak 4 Handsame styret si årsmelding 2015/2016
Årsmeldinga blei gjennomgått. Årsmeldinga følgjer
møteboka.
Vedtak:
Årsmeldinga blei med tillegg av konserten i Stryn kulturhus 18.6 – utdeling av
Arnoldprisen til Jon Are Steen, godkjent
Sak 5 Handsame rekneskap 2015/2016
Rekneskap for 2015/2016 er revidert av valde
revisorar utan merknader. Årsoppgjeret
blei gjennomgått i møtet.
Vedtak: Rekneskapen blei godkjent
Sak 6 Medlemskontigent
2017/2018
Styret la fram følgjande forslag til kontigent for
2017/2018:
Med utangspunkt i
dei pålagde kontigentane som gjeld per d.d.;
Rotary distrikt: kr.
640,-
Rotary International: kr. 380,-
PETS og
distriktskonferanse kr.
450,-
foreslår
styret at klubben sin kontigent for 2017/2018 skal vere kr.1130,-
som skal gå til generell aktivitet
i klubben, husleige,servering mm
Samla kontigent for Rotaryåret
2017/2018 blir då kr. 2600,-
(fordelt på halvårlege
betalingar på kr. 1300,-)
Vedtak: Styret sitt
forslag til årskontigent for 2017/2018 blei godkjent
Sak 7 Val
Val blei leia av leiar av valkomiteen Inge Arne Bøe,
som la fram forslaga til styremedlemar, revisorar og valkomite for Rotaryåret
2017/2018.
Vedtak: Følgjande ble vald:
President: Olav R. Faleide
Innkomande president:
Visepresident: Jan Vollset
Sekretær: Arnt
Gald
Kasserar: Haldor Sunde
1.
Varamedlem: Kari
Raudi
2.
Varamedlem: Inge
Arne Bøe
Revisorar: Jonny Bolset og
Asbjørn Gald
Valkomite: Lyngve
Flo, Vesla Bergem og Arne Hool
Innkomande president vil bli valt seinare.
Møtet slutt kl 19.00
Stryn
Rotaryklubb
Stryn,
14.november 2016