1.
Prosjekt David
School i Sierra Leone
Det heile starta
med ein invitasjon til Intercitymøte i Volda for å få informasjon og diskutere eit
skuleprosjekt i Sierra Leone. Fleire klubbar på søre Sunnmøre var invitert.
Styremøte i klubben 29.04.2013 ga fullmakt til Reidar Gjørven, Arnt Gald og
Kjell Opheim å delta i prosjektet med maks kr 10 000, dersom vi meinte det
var eit godt prosjekt. Det syntes utsendingane og Stryn Rotaryklubb har vore
med i prosjektet sidan. Bidraget på kr 10 000 står i
rekneskapen for 2013/2014.
Sidan det har
klubben støtta lærarutdanning av ein elev med kr 3 500 i 3 år og eleven,
Ibrahim, er no ferdig med utdanninga og tilbake på skulen som elev. Det vart
elles ytt bidrag ekstra under Ebola-epidemien og nokre i klubben har delteke i
fadderordninga ved skulen.
20. januar 2014
kom Kjell Høydal og Per Helge Jøsok frå Volda RK på møte i Stryn RK og
orienterte om prosjektet som vi hadde gått inn i. Vedlagt video er frå dette
orienteringsmøte med status og framdriftsplanar.
6. februar 2017
vil dei same karane kome til klubben og gje siste oppdatering.